Sommar og slikt på siste dag


Det er 29 grader på Costa blanca i dag, 31.mai 2010. Men ryktet om at sommaren er komen til Norge også har nådd oss, så då er det ikkje så leit å reise heim i morgo. Faktisk så gledar me oss til å dra no. Heim til tinga våre, alt frå viktige ting til små tilsynelatande uvesentlege saker som tannkostkoppen på badet.

I dag har me sagt hadet til alle ungane på dagisen med is og gitt Ammi og Juliet kvar sin rosa blomsterbukett. Ingenting anna passa betre frå Leander enn rosa blomster. No skal me heim og hengje opp teikningar og andre ting han har laga i fargen rosa. Servitørane på Central grill har fått slengkyss og Inge Saur henta nøklane til leilegheita.





Då Leander måtte sei hadet til Tina og co. frå Skreia som han nettopp har møtt tykte han det var nok "adios" og "bye, bye" og slikt, så då satte han i gang med å grine og uttrykkje at han var trist. Men i motsetning til dei andre me tek farvel med her nede er Tina ei jente Leander kanskje treff igjen seinare på sine vegar rundt om i Opplandsdistriktet.



Som Leander ville sagt det, "Hadios Spania"

Siste fredagen på restaurant


Me har prøvd å halde vår nye tradisjon i hevd og ete middagen vår ute på fredagen. Me avsluttar her der me starta, på Central Grill rett nedanfor der me bur. God service og bra mat, tross britisk kjøkken. Kan anbefalast, både tradisjonen og restauranten.








Familien T frå Skreia


Fram til no har det ikkje vore så mange andre barnefamiliar i området vårt, men her ein dag dukka det opp ein kjekk gjeng frå Skreia. Leander sørga for å få raskt kontakt då han ropa "hei" frå vår takterrasse over til dei. Deretter har me treft på dei fleire ganger nede ved bassenget. Tina på fire år, Thea 8 år (med mamma Tone og pappa Trond), søskenbarna Markus 2 år, Hanna 5 år og Sondre 12 år. Her et Leander is saman med Hanna og Tina :o)






Snodige snegler


Om du ser etter dei langs vegen her finn du dei trufaste, værfaste og steile hengjande langs strå, på busker, på veggane og til og med i toppen på laaaaange gatelysstolpar. Snåle greier. Leander og mamma tok seg ein tur for å dokumentere dette rare fenomenet.














Turistar i Torrevieja

Etter å ha vore ein av mange nordmenn i 17.maitog gjennom byen og køyrt rundt som om me skulle bu der (les: Trond Morten med sin gode retningssans finn fram uansett kvar han er) var det på tide å vere turist i Torrevieja, eller saltbyen som den vert kalla.

Dette er "det gamle tårnet", torre vieja, eit av fire gamle tårn som stod langs Valenciakysten for å bekytte den mot angrep- Turisttoget me tok gjennom byen gjekk dit, så her er foto av det. Ellers køyrde me forbi fleire flotte strender. Dagen avslutta me på isbar!







Leikeplassar


Det er leikeplassar over alt og begge ungane våre veit korleis dei skal anvendast. Anna peikar ivrig med ein gang ho ser ein slik ein. Her frå playa flamenca på ein ettermiddagstur og leikeplassen på markedet ("markedetleikeplassen" som Leander insisterte på å kalle den)


















Kveldstur på stranda


No er det vorte skikkeleg varmt og deileg her, så ein kveldstur på stranda er lettare å gjennomføre. Her frå Cabo roig. Leander veit å kose seg. Fekk til og med ein spesiallaga drink av bartendaren.











I dyreparken


Inni skogen (virka det som) etter å ha køyrd motorvegen og passert byen Elche dukka Rio Safari opp. Ein akkurat passe stor dyrepark for småfolk som ikkje har vore på slikt før og vaksne som likar å sjå på dyr i eit roleg tempo. Her er nokre av dyr ein kan sjå, men det var også fleire go`bitar som selshow, elefant, tiger og panter.

http://www.riosafari.com/







Bilete frå bestn og besta sitt besøk