Reisemåte

Med vår litt skranglete renault megane er det heilt sikkert mogeleg å ta seg nedover Europa, tenkte me, heilt til Trond Morten byrja å rekne ut kor mange reisedagar det kom til å gå med. Elleve dagar minst vil det ta, med to ungar i baksetet der to-åringen ikkje er overbegeistra for lange turar.



Då fristar det meir med ei flyreise på ti timar totalt og ei mellomlanding.

Dette må me sjå nærare på ja...

Barnehagar i Spania


Denne turen byrja me å tenkje på i januar i år, 2009. No er det oktober. Muleg me er ein tanke naive når me håpar å kunne gjennomføre dette allereie om tre månadar, men me må prøve i alle fall.

Kvar går me frå her, kva byrjar me å leite etter?

Spania er stort, våre referansar er få, internett er mangfaldig og tida er, med fare for å gjenta ein floskel, knapp (tidsklemma og alt det der). Det er mange nordmenn langs solkysten i Spania, la oss gå i andre sine fotspor, det vert enklast. Vidare bestemmer me at barna sine omsyn må komme først, difor startar me jakta på ein barnehage til Leander og vil velje by ut i frå det. I områder med fleire busette nordmenn finnast det også norske skular og barnehagar. Då perioden vår er så kort ser me ikkje noko poeng i å la guten gå i ein framandspråkleg barnehage. Vegen vår vidare vert difor å finne ein norsk barnehage, som har plass til Leander på to år. Kan bli vanskeleg då me har inntrykk av at dei ikkje tek inn ungar under tre år. Me skal gjere eit forsøk.

Me vil at Leander skal gå i barnehage fordi me har stor tru på den sosiale treninga og læringa ein får der. Leander gledar seg alltid til å gå i barnehagen og har allereie erfaring frå to ulike barnehagar. Han er tilpasningsdyktig og imøtekomande, sjeldan skeptisk til nye stader og menneske. Dette ser me på som ein styrke i dette tilfellet. Dessutan er Leander ein aktiv liten toåring som ofte har energi og ein rytme han likar å bruke på fleire enn den næraste familien sin. At me som foreldre får venner og kontaktar gjennom ein barnehage kjem sjølvsagt også veldig godt med.

Håpar det blir napp ein stad. Men heilt ukritiske er me ikkje, så me får sjå.

Første steg på vegen

Med blanke ark er ferda mot utlandet hermed i gang. Denne bloggen markerar første... nei tredje steg på vegen dit. Første steg var å bestemme seg for at JA, dette vil me og dette skal me. Andre steg gjekk ut på å flytte frå leilegheita vår på Lillehammer, som me leiger ut i eit år, og inn i kjellaren til besteforeldra til ungane. I dag set me altså for alvor i gang med planlegging av reisa.


Seint, men me har tru på at utanlands, det skal me. I ein eller fleire månadar, antakeleg vis tre...eller fire... hmmm

Bakgrunn:
Det er mamma Mariann, Pappa Trond Morten, Leander på to år og Anna snart seks månadar som skal på tur. I samband med foreldrepermisjonen vår ynskjer me å nytte høvet til å reise litt. Italia var lenge ein tanke, så lokka varme Kanariøyane før me no har kasta auga våre mot fastlandet i Spania. Men me får sjå kva som skjer etterkvart som me les og planlegg.

Akkurat no er avreisetidspunktet satt til midten av januar 2010

Nokre føringar for valet av destinasjon er at Mariann må vere heime med Anna i foreldrepermisjonstida, Trond Morten skal oppretthalde jobbinga si som manusforfattar og sitje å skrive i eksotiske omgjevnader medan Leander skal leike og gjere som ungar på hans alder gjer uavhengig om han er i Norge eller utlandet. Det er ein fordel om Leander har ein barnehage, barnepark eller "dagmamma" å gå til nokre dagar i løpet av veka, så det håpar me å få til. Me skal med andre ord leve vårt vanlege liv i utlandet.

Vert glade for tips og råd på vår reise som startar i dag med denne bloggen.