Daa Trond Morten gaar og ventar paa nytt batteri til datan sin faar eg ikkje blogga med bilete. Saa daa blir det litt liten aktivitet herifraa. Treig postgang kan ha ein samanheng med at han bestillte det paa spanske nettsider...
Det manglar derimot ikkje paa emner aa fortelje om, kan nemne at Leander har hatt seg ein tur paa sjukehus og operert i munnen.
To be continued...
Lørdagsmarkedet
Blekksprut
Anna saknar gå-vogna si
Og må ta til takke med ein kjøkenstol. Det går framover, heilt til stolen stangar i ein reol eller sofaen og då er det ei lita dame som veit å fortelje oss at ho treng hjelp. Gurimalla så høgt den jenta kan rope nokre ganger :o). At naboen under oss kun er her i helgane er like greit, for stol mot flisgulv er ingen pen lyd.
Gigantiske grashopper
To ganger har me sett grashopper som dette på vegen. Dessverre har begge to vore døde, antakelegvis derfor me har fått dei på så nært hald :o). Fascinerande for ein liten gut som her er modig nok til å ta på den.
”Kem e den tru”
Utepils
Bursdagskalas

Andreas på dagisen vert seks år og inviterar alle barna med foreldre til kalas. Kjempekjekt! Det vert ein fin ettermiddag med tapas og pinjata. Leander et masse korv, meloner og ikkje minst tärta. Etter mat spring alle ungane rundt restaurantområdet og leikar med leikene som gutar på seks år får til bursdagen sin. Foreldra til Andreas driv restauranten ”Lilla Svensken” i Torrevieja og det er der bursdagen finn stad. Her er Andreas med storesøster Sandra og ei jente me ikkje kan namnet på då ho ikkje går på dagisen.
Bonita tante Anita og påskeferien
Etter tre veker kjem tante Anita på besøk, jippi!! Me leiger oss bil og hentar ho på flyplassen. Her står me klare med skilt og flagg. I løpet av denne veka smakar me på vår første spekeskinke av typen Iberico boletta, som i følgje den tilreisande eksperten og spaniavennen skal vere den gjevaste, og den er verkeleg god. Me er på vår første strandtur, noko tilfeldig då me på ein turist-togtur gjennom Orihuela Costa køyrer forbi ei strand og me velgjer å hoppe av toget og stikke nedom. Bra val, for strand er gøy både for han som badar og blir våt på klædna og ho som smakar på sanden for første gang. Me badar i bassenget vårt for første gang og me besøkjer den norske frisøren i gata nedanfor oss. Me oppdagar ogsa endeleg ein spansk tapasrestaurant (her er ein jungel av irske fish and chips restaurantar, og det blir ein fort lei av). På bursdagen til Anita lagar sjølvaste bursdagsbarnet heimelaga paella. Treng eigentleg ikkje gå ut å ete når den tilreisande kokken er minst like god. Bonita Anita, du er sakna allereie før du har reist att…


Europaparken i Torrevieja
Fast på fredag

Tradisjonar er bra, i alle fall dei me skapar oss sjølve. Her i Spania er det billegare å ete ute enn heime i Norge, så på fredagen har me tenkt at me skal ete middagen vår på restaurant. Dette bildet er teke frå ein restaurant like ved der me bur. Leander som kom frå vinter var kjempebegeistra då me sat ute og åt og sa ”vi sitter ute og spiser, jeg kan spise heile tida”. Pommes frites, ertestuing og nuggets gjekk ned på høgkant. Moro!

Vidare på fredagen har me innført ostepop til Norge rundt. Leander som diggar jingelmusikken (også kjent frå isbilen) er heilt med på notane. Me veit ikkje om det er musikken han sit og ventar på eller reportasjane frå Noregs land som fengjer, men koseleg er det i alle fall. Anna er med på alt som storebror gjer.
Sneglevegen eller kaktusvegen
Er spørsmålet når me skal gå til lokalbutikken vår. Det er namnet på dei to stiane me kan velgje mellom, i alle fall namna me har vald å kalle dei. Den eine har to kaktusar på vegen, medan den andre har buskar fulle av snegler. Ein dag tek Leander med seg nokre snegler heim, men me ser at ansvar for sneglefarm klarar han ikkje å ta endå. Dei havnar utover terrassegolvet og Anna sit plutseleg med eit snegleskal i munnen. Snegla trur eg fuglane hadde forsynt seg av (håpar me i dette tilfellet), skalet fekk ho ikkje lov til å nyte så lenge, ugh...
Mariposa
Heimekontoret
Turen på urgenziaen
Om det er kulden, den kjipe oppvarminga i huset beståande av varmluftsvifter eller virus veit me ikkje, men ungane vert i alle fall sjuke. BLÆH! Ikkje like kjekt å vere ein annan stad enn heime akkurat då. Leander byrjar med feber, hoste og rennande nase. Han må vere heime frå dagisen ei heil veke. Etterkvart får Anna feber også, saman med noko som liknar på både øyreverk og halsbetennelse. Etter to dagar med høg feber byrjar ho å bli betre. Me går på restaurant og skålar for betre tider.Den samme kvelden er Anna så forferdeleg lei seg, ho hyler, masse, slik me aldri har sett ho før. Me ser ikkje anna utveg enn å ta ho med på legevakta for å sjekke kva det kan vere.
Me bestiller taxi som lovar at dei har barnesete, men det har dei ikkje. Mannen bak rattet snakkar ikkje engelsk men forstår at eg vil at han skal køyre oss på ”urgenziaen”, som er legevakta på sjukehuset. Då me køyrer inn framfor sjukehuset spør han ”Whai”. Eg tippar han vil vere hjelpsam og gå inn å forklare vårt ærend til peronalet så eg byrjar å forklare ved hjelp av hostelydar at Anna hostar, eg seier ”fever” og håpar at det liknar på feber på spansk og peikar mot halsen for å forklare at ho har vondt i halsen. Taximannen seier ein gang til ”whai”, og eg blir litt oppgitt, her har eg nettopp gitt mi beste forklaring og kvifor må eg eigentleg forklare dette til han? Eg lagar hostelydar på nytt og håpar han forstår. Det gjer han ikkje, for han rotar fram eit ark, les og seier etterkvart ”waiting”? Åhhh, eg forstår, han lurer på om han skal vente til me er ferdige. Sukk… Eg vil ikkje det, eg har ikkje peiling på kor lang tid dette vil ta. Dessutan vil eg komme meg inn og ikkje sitje der å leike mimeleik med ein taximann. Eg seier ”gracias, pero no, adios” og gir han pengane hans. Me går inn, fyller ut ein skjema, og set oss ned for å vente. Mennen i skranken snakkar heldigvis bra engelsk, så eg slepp å mime endå meir.
Då me sit og ventar kjem plutseleg taximannen inn til oss, han seier ”waiting, no monedas, no problemo” og visar at han skal vaske bilen sin i mellomtida, eller skal han sove, eg veit ikkje, eg forstår ikkje heilt kva han prøver å forklare. "Gracias, ok” seier eg tenkjer at det er for så vidt greit det, då kjem me oss heim med ein gang når me er ferdige i alle fall. Slutten på historia med taximannen er at han slettes ikkje venta på oss, i alle fall såg eg han ikkje då me kom ut att. Kanskje han hadde sovna, det brukte eg ikkje tid på å finne ut, eg bestilte ny taxi, og fekk ein sjåfør som snakka engelsk.
Då me sit og ventar kjem plutseleg taximannen inn til oss, han seier ”waiting, no monedas, no problemo” og visar at han skal vaske bilen sin i mellomtida, eller skal han sove, eg veit ikkje, eg forstår ikkje heilt kva han prøver å forklare. "Gracias, ok” seier eg tenkjer at det er for så vidt greit det, då kjem me oss heim med ein gang når me er ferdige i alle fall. Slutten på historia med taximannen er at han slettes ikkje venta på oss, i alle fall såg eg han ikkje då me kom ut att. Kanskje han hadde sovna, det brukte eg ikkje tid på å finne ut, eg bestilte ny taxi, og fekk ein sjåfør som snakka engelsk.
Fortsettelsen på historia frå legevakta er at etter litt ventetid inne hjå legen og ei undersøking av halsen eg håpar Anna ikkje får traumar av (makan til hardhendt handtering har eg ikkje vore med på før. Stakkars jenta låg på rygg, haldt nede av tre personar medan ho hylande og gulpande opplevde at legen stakk denne forferdelege ispinnen langt ned. Off…), kom me ut med resept på antibiotika mot halsbetennelse.
Etter tre dagar er ho mykje betre, Leander er på plass på dagisen, sola byrjar å varme og alt ser betre ut. Det er me klar for no!
Gutterommet
Storhandel
Orihuela Costa
Den norske gratisavisa her vikingposten skriv om trøbbel med utleveringar av helsetrygdekort til pensjonistar i utlandet og lesarinnlegga handlar om strid i det lokale FrP. Det er ingen naboar under 50 år å spore. Kleskoden er khaki og formsko og alle har hund, desse små irriterande plendritarane som bjeffar berre du ser på hagen den voktar. Hjelp, kvar er det vi har havna!!Det kan virke som om staden er bygd opp i nyare tid. Det er ikkje mange spor som visar fortid, ingen markedsplass eller gamle bygningar. Dei inngjerda urbanisasjonane av leilegheiter har vorte til steg for steg og asfaltvegane rammar inn husa. Bil er vesentleg her. Skal ein på handel finn ein dei store matkjedene og butikkane liggjande langs N332, riksvegen. Praktisk kanskje, men ikkje særleg sjarmerande.
Men så utvidar me runden vår og då dukkar det opp perler. Strand og strandpromenade, koselege restauranter og gangsti. Lørdagsmarkedet er eit bra besøk og matbutikkane er ein draum for oss som gjer innkjøpa våre på kiwi. Dette skal nok bli bra. Og ein dag seier Trond Morten at han såg ein person under 35, så då er det kanskje ikkje så verst allikevel.
Den spanske vinteren

Tøffe i trynet går me ut av flyet utan jakker, ”deileg og varmt seier me vaksne til kvarandre, skikkeleg hærleg”. Ruslar bortover mot leigebilen og merkar at det kanskje trekk litt meir enn me vil innrømme. Ja det er faktisk litt kaldt, hmmm… kanskje me skal ta på ungane litt meir klede? Nei, det er ikkje så langt å gå seier me og ruslar vidare. Hmmm, det var visst litt langt allikevel, jo, me stoppar og kler på ungane. Det endar opp med heil dress på Anna, vinterluene vert fiska opp frå koffertane, på med skjerf og jakkar. Slik går ungane kledd kvar dag dei første to vekene her i Spania. ”Den kaldaste vinteren på ti år” seier dei som bur her nede. Ja vel, flaks for oss. Uansett er det varmare enn heime og vinterhabitten slepp me kle på ungane kvar dag. Innimellom får me også eit hint om været som er i vente.
Bolig
Viktigaste kriterie for kvar me skal bu er at det må vere i gåavstand til Den skandinaviska skolan. Me har nemleg ikkje bil i kvardagen vår i Spania. Utover dette treng me ein barnevenleg bolig med badebasseng og alt av interiør og kvitevarer. På nettsida finn.no er det veldig mange nordmenn som leiger ut leilegheiter i området. Me sender ut mange mailar og den som kan hjelpe oss er boligutleigaren Inge Saur. Han driv firma som leiger ut boligar for nordmenn her nede. Greit å forholde seg til ein profesjonell fyr, det er ryddig og greit. I tillegg bur han i området, så han kan bistå med hjelp om me treng det. Visar seg seinare å bli nødvendig.Adressa vår ligg ein liten fin rusletur unna dagisen, nedover ein allè der Leander kan gå sjølv. Heilt topp. Boligområdet består av mange like leilegheiter med delvis fastbuande og feriefolk, skandinaviske, tyske, engelske og spanske. Utsikta og inngangspartiet vårt ligg innover mot bassengområdet. Det vil sei at me har lite sol, men vel å tenkje at det er positivt etterkvart som det vil bli for varmt i sola. Bassenget er inngjerda, det er boligområdet også, ein må ha nøkkel med seg heile tida. Også veldig bra med tanke på innbrudd og sikkerheit. Med to soverom, to terrassar og to bad er me veldig fornøgde med boligen.
Skal ein peike på noko negativt med å bu slik må det vere at ein bur tett på naboane, det er ganske nytt og dermed upersonleg og ikkje akkurat det me ser føre oss som typisk spansk. Kvitt, kaldt og karakterlaust. Men bra for oss småbarnsfamilien.
Dagisen

Ein dag i januar ringer me til Den skandinaviska skolan i Orihuela Costa. Dei har tre- års aldersgrense men me gjer eit forsøk tross dårleg erfaring frå Gran Canaria. Det visar seg at dei har kapasitet til å ta imot ein liten gut som snart vert tre år då det for tiden ikkje er så mange andre småttisar der. Veldig veldig bra! Skulen ligg i Orihuela costa, sør for Torrevieja. Den har elevar frå heile skandinavia. På dagisen der Leander går er det like mange norske som svenske, så det er jo bra. Leiaren på dagis, Ammi, er svensk medan nummer to av dei vaksne, Juliet, snakkar engelsk, spansk og forstår svensk. Så no kjem Leander til å få eit bra språkøyra (og dialekt) reknar me med. Me legg inn bilder herifrå seinare.
Spania, ein realitet
Etter litt sløv (ingen faktisk) bloggeverkesemd er me i gang igjen, lat oss kort oppsummere tiden frå forrige innlegg slik: Leander har fått barnehageplass i Orihuela Costa på Costa Blanca, me har funne oss ei fin leilegheit i gåavstand til barnehagen og flyprisane til Alicante er veldig fine.
Me er plutseleg på veg til SPANIA!!
Avreise: 8.mars Heimreise: ein gang i mai/juni :o)
Abonner på:
Innlegg (Atom)



































