Ein laurdag førmiddag var det Leander sin tur til å dra på sjukehuset. Ei oppleving som kjendes så dramatisk at me heiv oss på telefonen og bestillte ambulanse. Denne kom ikkje fort nok og våre britiske naboar (som var stuck her på grunn av vulkanen på Island) køyrde oss dit.For å gjere ei lang historie kort, Leander sklei på blautt baderomsgolv og landa på magen. Då beit han seg i tunga, så kraftig at det såg ut som han hadde bite tvers gjennom halve tunga. Ikkje noko kjekt syn eller oppleving. Han måtte til slutt sy tre sting med bedøvelse etter eit mislykka forsøk utan. No i etterkant visar han stolt fram tunga si til den som vil sjå. Både på sjukehuset og på veg dit var han tapper og me håpar han gløymer dei vonde tinga som hende der. Fem vaksne menneske holdt han fast då dei prøvde å ta ut tunga for å sy første gang. Akkurat den opplevinga kunne me vore forutan. Men bortsett frå det er me fornøgde med det offentlege sjukehuset i Torrevieja.
Ein liten gut på veg inn på operasjonssalen
Drikkestasjonen til Leander den dagen han hadde fått sting i munnen. Ein perfekt måte å få i han næring og Leander sjølv tykte det var stas med eige bord og sugerøyr. Tomatsuppe, vatn og eggedosis.
Fem dagar etter at stinga vart sydd inn er me på kontroll. Det går veldig bra og fort og Leander får her ein velfortent sjokoladebelønning utanfor sjukehuset. Legen laga ballong av ein hanske :o)

.jpg)


stakkars.. so flink han er. klem frå bergen
SvarSlett