Sommar og slikt på siste dag


Det er 29 grader på Costa blanca i dag, 31.mai 2010. Men ryktet om at sommaren er komen til Norge også har nådd oss, så då er det ikkje så leit å reise heim i morgo. Faktisk så gledar me oss til å dra no. Heim til tinga våre, alt frå viktige ting til små tilsynelatande uvesentlege saker som tannkostkoppen på badet.

I dag har me sagt hadet til alle ungane på dagisen med is og gitt Ammi og Juliet kvar sin rosa blomsterbukett. Ingenting anna passa betre frå Leander enn rosa blomster. No skal me heim og hengje opp teikningar og andre ting han har laga i fargen rosa. Servitørane på Central grill har fått slengkyss og Inge Saur henta nøklane til leilegheita.





Då Leander måtte sei hadet til Tina og co. frå Skreia som han nettopp har møtt tykte han det var nok "adios" og "bye, bye" og slikt, så då satte han i gang med å grine og uttrykkje at han var trist. Men i motsetning til dei andre me tek farvel med her nede er Tina ei jente Leander kanskje treff igjen seinare på sine vegar rundt om i Opplandsdistriktet.



Som Leander ville sagt det, "Hadios Spania"

2 kommentarer:

  1. Hei!! Så fint dere må ha hatt det, jeg skal dra nmedover i sept med familien som er mann og to små gutter ( 1,7 og 3 år)

    Vi trenger sårt litt tips, info osv...og ikke minst anbefalinger ang bosted og barnehager..

    Har du lyst til å maile med meg? evyarnestad@gmail.com

    SvarSlett
  2. Hei Evy, denne oppdaga eg no, eit år for seint. Beklagar det!!!! Håpar du fekk god hjelp ein annan stad ifrå. Ikkje meininga å ikkje svare, men eg er ikkje inne på boggen så ofte og då lir eg ikkje varsla. Vel...

    SvarSlett