Turen på urgenziaen

Om det er kulden, den kjipe oppvarminga i huset beståande av varmluftsvifter eller virus veit me ikkje, men ungane vert i alle fall sjuke. BLÆH! Ikkje like kjekt å vere ein annan stad enn heime akkurat då. Leander byrjar med feber, hoste og rennande nase. Han må vere heime frå dagisen ei heil veke. Etterkvart får Anna feber også, saman med noko som liknar på både øyreverk og halsbetennelse. Etter to dagar med høg feber byrjar ho å bli betre. Me går på restaurant og skålar for betre tider.
Den samme kvelden er Anna så forferdeleg lei seg, ho hyler, masse, slik me aldri har sett ho før. Me ser ikkje anna utveg enn å ta ho med på legevakta for å sjekke kva det kan vere.
Me bestiller taxi som lovar at dei har barnesete, men det har dei ikkje. Mannen bak rattet snakkar ikkje engelsk men forstår at eg vil at han skal køyre oss på ”urgenziaen”, som er legevakta på sjukehuset. Då me køyrer inn framfor sjukehuset spør han ”Whai”. Eg tippar han vil vere hjelpsam og gå inn å forklare vårt ærend til peronalet så eg byrjar å forklare ved hjelp av hostelydar at Anna hostar, eg seier ”fever” og håpar at det liknar på feber på spansk og peikar mot halsen for å forklare at ho har vondt i halsen. Taximannen seier ein gang til ”whai”, og eg blir litt oppgitt, her har eg nettopp gitt mi beste forklaring og kvifor må eg eigentleg forklare dette til han? Eg lagar hostelydar på nytt og håpar han forstår. Det gjer han ikkje, for han rotar fram eit ark, les og seier etterkvart ”waiting”? Åhhh, eg forstår, han lurer på om han skal vente til me er ferdige. Sukk… Eg vil ikkje det, eg har ikkje peiling på kor lang tid dette vil ta. Dessutan vil eg komme meg inn og ikkje sitje der å leike mimeleik med ein taximann. Eg seier ”gracias, pero no, adios” og gir han pengane hans. Me går inn, fyller ut ein skjema, og set oss ned for å vente. Mennen i skranken snakkar heldigvis bra engelsk, så eg slepp å mime endå meir.
Då me sit og ventar kjem plutseleg taximannen inn til oss, han seier ”waiting, no monedas, no problemo” og visar at han skal vaske bilen sin i mellomtida, eller skal han sove, eg veit ikkje, eg forstår ikkje heilt kva han prøver å forklare. "Gracias, ok” seier eg tenkjer at det er for så vidt greit det, då kjem me oss heim med ein gang når me er ferdige i alle fall. Slutten på historia med taximannen er at han slettes ikkje venta på oss, i alle fall såg eg han ikkje då me kom ut att. Kanskje han hadde sovna, det brukte eg ikkje tid på å finne ut, eg bestilte ny taxi, og fekk ein sjåfør som snakka engelsk.

Fortsettelsen på historia frå legevakta er at etter litt ventetid inne hjå legen og ei undersøking av halsen eg håpar Anna ikkje får traumar av (makan til hardhendt handtering har eg ikkje vore med på før. Stakkars jenta låg på rygg, haldt nede av tre personar medan ho hylande og gulpande opplevde at legen stakk denne forferdelege ispinnen langt ned. Off…), kom me ut med resept på antibiotika mot halsbetennelse.
Etter tre dagar er ho mykje betre, Leander er på plass på dagisen, sola byrjar å varme og alt ser betre ut. Det er me klar for no!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar