Orihuela Costa

Den norske gratisavisa her vikingposten skriv om trøbbel med utleveringar av helsetrygdekort til pensjonistar i utlandet og lesarinnlegga handlar om strid i det lokale FrP. Det er ingen naboar under 50 år å spore. Kleskoden er khaki og formsko og alle har hund, desse små irriterande plendritarane som bjeffar berre du ser på hagen den voktar. Hjelp, kvar er det vi har havna!!

Det kan virke som om staden er bygd opp i nyare tid. Det er ikkje mange spor som visar fortid, ingen markedsplass eller gamle bygningar. Dei inngjerda urbanisasjonane av leilegheiter har vorte til steg for steg og asfaltvegane rammar inn husa. Bil er vesentleg her. Skal ein på handel finn ein dei store matkjedene og butikkane liggjande langs N332, riksvegen. Praktisk kanskje, men ikkje særleg sjarmerande.

Men så utvidar me runden vår og då dukkar det opp perler. Strand og strandpromenade, koselege restauranter og gangsti. Lørdagsmarkedet er eit bra besøk og matbutikkane er ein draum for oss som gjer innkjøpa våre på kiwi. Dette skal nok bli bra. Og ein dag seier Trond Morten at han såg ein person under 35, så då er det kanskje ikkje så verst allikevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar