Heimekontoret

Med to soverom, takterrasse og eit tårnrom (kva no enn det er) skulle det vere bra rom for manusforfattaren til å jobbe. Her poserar Trond Morten for fotografen for anledninga på tårnrommet. Med spansk trådlaust internett er han også tilkobla weben, så lenge forholda er bra og maskina ikkje koblar frå i alle fall. Han er i gang med å skrive på ”Elleville Elefrid”, barne-tv for NRK og skal levere 21 manus til midten av august. I tillegg er han med på å utvikle ein humorserie for vaksne og ein ungdomsserie. Stao pao!

1 kommentar: