
Tøffe i trynet går me ut av flyet utan jakker, ”deileg og varmt seier me vaksne til kvarandre, skikkeleg hærleg”. Ruslar bortover mot leigebilen og merkar at det kanskje trekk litt meir enn me vil innrømme. Ja det er faktisk litt kaldt, hmmm… kanskje me skal ta på ungane litt meir klede? Nei, det er ikkje så langt å gå seier me og ruslar vidare. Hmmm, det var visst litt langt allikevel, jo, me stoppar og kler på ungane. Det endar opp med heil dress på Anna, vinterluene vert fiska opp frå koffertane, på med skjerf og jakkar. Slik går ungane kledd kvar dag dei første to vekene her i Spania. ”Den kaldaste vinteren på ti år” seier dei som bur her nede. Ja vel, flaks for oss. Uansett er det varmare enn heime og vinterhabitten slepp me kle på ungane kvar dag. Innimellom får me også eit hint om været som er i vente.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar