
Bonita tante Anita og påskeferien
Etter tre veker kjem tante Anita på besøk, jippi!! Me leiger oss bil og hentar ho på flyplassen. Her står me klare med skilt og flagg. I løpet av denne veka smakar me på vår første spekeskinke av typen Iberico boletta, som i følgje den tilreisande eksperten og spaniavennen skal vere den gjevaste, og den er verkeleg god. Me er på vår første strandtur, noko tilfeldig då me på ein turist-togtur gjennom Orihuela Costa køyrer forbi ei strand og me velgjer å hoppe av toget og stikke nedom. Bra val, for strand er gøy både for han som badar og blir våt på klædna og ho som smakar på sanden for første gang. Me badar i bassenget vårt for første gang og me besøkjer den norske frisøren i gata nedanfor oss. Me oppdagar ogsa endeleg ein spansk tapasrestaurant (her er ein jungel av irske fish and chips restaurantar, og det blir ein fort lei av). På bursdagen til Anita lagar sjølvaste bursdagsbarnet heimelaga paella. Treng eigentleg ikkje gå ut å ete når den tilreisande kokken er minst like god. Bonita Anita, du er sakna allereie før du har reist att…


Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)








Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar