Bolig


Viktigaste kriterie for kvar me skal bu er at det må vere i gåavstand til Den skandinaviska skolan. Me har nemleg ikkje bil i kvardagen vår i Spania. Utover dette treng me ein barnevenleg bolig med badebasseng og alt av interiør og kvitevarer. På nettsida finn.no er det veldig mange nordmenn som leiger ut leilegheiter i området. Me sender ut mange mailar og den som kan hjelpe oss er boligutleigaren Inge Saur. Han driv firma som leiger ut boligar for nordmenn her nede. Greit å forholde seg til ein profesjonell fyr, det er ryddig og greit. I tillegg bur han i området, så han kan bistå med hjelp om me treng det. Visar seg seinare å bli nødvendig.
Adressa vår ligg ein liten fin rusletur unna dagisen, nedover ein allè der Leander kan gå sjølv. Heilt topp. Boligområdet består av mange like leilegheiter med delvis fastbuande og feriefolk, skandinaviske, tyske, engelske og spanske. Utsikta og inngangspartiet vårt ligg innover mot bassengområdet. Det vil sei at me har lite sol, men vel å tenkje at det er positivt etterkvart som det vil bli for varmt i sola. Bassenget er inngjerda, det er boligområdet også, ein må ha nøkkel med seg heile tida. Også veldig bra med tanke på innbrudd og sikkerheit. Med to soverom, to terrassar og to bad er me veldig fornøgde med boligen.

Skal ein peike på noko negativt med å bu slik må det vere at ein bur tett på naboane, det er ganske nytt og dermed upersonleg og ikkje akkurat det me ser føre oss som typisk spansk. Kvitt, kaldt og karakterlaust. Men bra for oss småbarnsfamilien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar