Må vere 3 år


For å få plass i den norske barnehagen ved Colegio på Gran Canaria må ein vere tre år. Leander er to og eit halvt.

Dette står det faktisk skrive på nettsidene deira, når ein berre ser godt nok etter. Men det står også i prisoversikten at "barn under tre år betaler hele prisen x 1,5". Me tolka dette som at dei også tok inn born under tre år og tenkte ikkje på at dei hadde ei nedre aldersgrense. Rektor sa heller ikkje noko då me kontakta han på telefon først.

Ja, ja... då må me sjå på våre andre alternativ.

Me startar med å utsetje reisa til 1.februar for å få litt betre tid på oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar