Kva med Gran Canaria?


Det er byrja å fryse på om natta, bilen er kald når me startar den om morgonen og ungane har dun- og ullpose i vognene sine. Moro det, for den som er to år og veit at når snøen kjem skal me ut på ski. Men det gjer også at ynskje om varme når me skal på tur vert meir og meir freistande.



På Gran Canaria er det ein norsk skule. Mariann har ein kollega som har vore der i tre månadar og anbefalar det sterkt. Der har dei også norsk barnehage. Me sender ein mail til leiar av barnehagen og byrjar å håpe. Leander får tross alt snakke språket sitt, han kan leike mykje ute som han er glad i, kanskje i shorts. Men vil dei ta inn ungar slik midt i året? Me trur eigentleg ikkje på det. Og mailen blir ikkje besvart på fleire dagar, så...
Då ringjer me til rektor på Colegio for å få raskare svar. Han kan sei at joda, det er "svært sannsynlig" at det er ledige plassar. Me må berre sende inn søknad så skal dei behandle den med ein gang dei får den.
JIPPI!
Etter å ha tenkt litt nøyare gjennom dette vurderer me det slik:
Me vil veldig gjerne ha varme.
Me kjem ikkje til å ha mogleik til å reise så mykje i løpet av desse tre månadane og kan liksågodt vere på ei varm flott øy framfor fastlandet.
Leander får gå i norsktalande barnehage.
Me har fått denne staden anbefalt av ein kollega.
Me blir rett og slett frista av strender og klima.

Søknaden er no sendt, så då er det berre å vente på svar :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar