Malaga eller Rojales

Etter nokre få søk på internett dukkar det opp bloggar og heimesider til nordmenn i Malagaområdet. Eg legg att eit par brev og "gjestebokmailar" der med spørsmål om tips til barnehagar og erfaringar dei har gjort seg. Eg finn også ein sambygding og vestlending i Rojales kommune som arbeidar som lærar på den norske skulen der. Han svarar på mailen min og kjem med fleire betraktningar frå livet i Spania. Det vert med andre ord endå meir freistande å kome seg på tur.
Felles er at det finnast ikkje norske barnehagar i nokre av desse områda. Det er like vanleg å bruke private føretak, engelske, svenske eller spanske barnehagar.
En link me får er denne, til ein spansk barnehage i Fuengirola: http://lacasitademartin.com/lagranja.htm.
Eg legg att ein kort mail til dei og får raskt svar på at joda, dei har ledig kapasitet og plass til ein norsk gut i januar til april. Så bra, er første reaksjon. Men så blir me med eit litt usikre, skal me sende guten vår til ein spansk barnehage, utan at nokre av oss kan språket og aller minst han som må omgås det dagleg. Korleis vil det gå?
Denne barnehagen skal i følgje Anette Furseth, som har gjeve meg linken, vere ein veldig populær barnehage i Fuengirola med internasjonalt miljø. Den har stort uteareal og mange dyr på området. At det er vanskeleg å få plass og ofte ventelister gjer også at me kjenner oss heldige også. Me er trass alt lovleg seint ute med planlegginga vår.
Eg byrjar å kike etter bolig i Fuengirola medan eg vidare også vil undersøkje barnehage/pass i Rojales. Så får me sjå...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar